"Ikke jeg heller", sa Elisa. "Men jeg liker gåsunger, da".
"Det gjør jeg og", sa jeg. "Og jeg liker seljefløyter".
"Jeg og", sa Elisa. "Og treet har en veldig vakker profil, det må det ha".
"Og når vinden blåser", sa jeg, "er bladene sølv på undersiden. Det er og fint". Så var vi visst enige om at seljen ikke var så verst?
Og så er det jo Jacob Sande sin "Fløytelåt". Enda et pluss for seljen!
Selja står saftgrøn og sevjemjuk,
kvistfri og ferdig til fløytebruk
for hage smågutehender.
Tonen kjem smygande, mjuk og var,
aukar i kraft og fær døyvde svar
langt borte frå andre grender.
Solgylt og djup med ein eim av vår,
slørd som i lengt og vemodig sår
han skiftande stig og bårar.
Gåta om livet ligg løynd der i
jordbundne krefter som gjer seg fri,
løyst ut gjennom tusen vårar.
Småfuglen tagnar i skogen då,
undrande sit han og lyder på
og gløymer seg lange stunder.
Barnet som stabbar i garden lær,
undrar seg på kva vel dette er
for spelande, blankt vedunder.
Frostvar på tun står ein gamal mann,
minnest den gongen då ogso han
sprang berrføtt i fjell og finne.
Tonane leikar i hugen hans,
augo står fjerne med dimslørd glans
mot barndommens bleike minne.
Har du forresten sett dei to fantastiske trea nedanfor Industrihuset? Du ser dei godt når du går over Puddefjordsbrua. Det nærmaste er ei hengebøk, det lengst vekke lurte eg lenge på kva var. Det er for langt unna brua til å sjå blada, men det har ein uvanleg fin silhuett på vinterstid. Her om dagen kjørte me forbi under brua og då kunne eg sjå at det var ei lønn. Lurar på kva for lønn?
SvarSlett