17. Oktober 1977:
"Alle tre er ikkje like kjære og kjende, ikkje like høgt på strå. Gran, fure, og ikkje for å snakke um bjørki kjenner alle, og mange har sunge og prisa dei. Sume tre er ikkje nemnd ein gong. Orr, har nokon sunge om ho? Eg har visst gjort det. Og barlind, lerketre, osp, rain, selja? Og fjellmo (musøyra), kven hugsar på han? Litin. Javisst, men likevel eit tre. Smil kallar dei fjellmoen i Sogn. Barlind gav bogane, har blod på samvitet."